Billettar til Vossa Jazz 2021

Foto Signe Fuglesteg Luksengard

Billettsalet til 2021-festivalen er i gang!

Til 2021-festivalen vil me måtte ta omsyn til gjeldande retningslinjer frå FHI og me må planlegga med redusert kapasitet i dei ulike konsertlokala.

Det vert selt enkeltbillettar til alle konsertar, med unntak av nokre få dobbelkonsertar – altså to konsertar i éin billett! Det vil gå tydeleg fram i konsertomtale og billettoversikt der det er dobbelkonsert. I 2021 vert det ikkje selt festivalpass eller dagskort til festivalen.

Billettar vert lagt ut for sal etter kvart som programmet vert gjort kjent.

Skulle me måtte avlyse ein eller fleire konsertar grunna Covid-19 vil kjøpte billettar bli refundert.

Du kjøper billettar til Vossa Jazz hjå TicketCo, bruk datamaskin, nettbrett eller smarttelefon. Billettane kan du skriva ut og ta med, eller bruka QR-koden du får tilsendt, den scannar me i døra.

Har du prøvd TicketCo Wallet?
Last ned appen hjå App Store eller Google Play. Her kan du kjøpa og lagra billettar, motta meldingar osb. Dersom du allereie har ein brukar hjå TicketCo loggar du inn med den, dersom ikkje kan du registrere deg i appen.

Del gjerne!