Badnajolajazz laurdag

trabant2c20blacc8arollinger202

Jazztrioen Trabant har i regi av Den Kulturelle Skolesekken turnert med ei framsyning om improvisasjon speleglede spelevrede og det å spele i band. I denne konsertframsyninga demonstrerer bandet korleis ein kan leike med musikk – vri vende og vrenge den og gjere den til sin eigen. Borna får vere med Trabant på turné over heile jordkloden (med ein svipptur innom månen) og på vegen får dei mellom anna høyre om kor slitsamt det er å bere rundt på ein kontrabass som er større enn seg sjølv kor komisk vanskeleg det er å få lyd i ein saksofon når ein er seks år og kva som skjer når trommene får nok av å bli slått på og bestemmer seg for å slå tilbake. Men framfor alt får publikum servert historier og songar om kor gøy det er å spele i band!

Trabant består av tre svært aktive musikarar frå dei unge jazz- pop- rock- hip hop- country- bluegrass- og janitsjar miljøa: Adrian Fiskum Myhr – kontrabass og vokal
Svein Magnus Furu – saksofonar klarinetter og vokal
Audun Lunnan Hjort – trommer og vokal

Billettsal i døra kr. 100 – (frå 2 år).

Etter konserten vert det servert vaflar og saft (og kaffi til dei vaksne) – og kanskje kjem nissen…?

Velkomen til konsert for heile familien!

 

Del gjerne!