Badnajazz, må veta!

Noko av det kjekkaste me driv på med i Vossa Jazz er å syta for komande Vossa Jazzarar! Då må dei få musikkopplevingar fullstendig på høgde med det me vaksne forlangar.

I år har me utvida programmet, for Voss har vorte plukka ut til å vera vertskap for den europeiske konferansen Jazz for kids. Her vil internasjonale artistar som Catapluf frå England og Oddjob med Jazzoo frå Sverige dukka opp. Det same gjer karane frå Motorpsycho og HGH, Gebhardt og Hagfors, med den kritikarroste Meg og kammeraten min. I tillegg vert det høgtlesing med sjølvsaste Maria Parr, forfattaren av Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal, som skal vera festivalforfattar på barnebokfestivalen Falturiltu på Stord. Sundag er det duka for Tingingsverket; i år med Supersonics og Badnajazzkoret. Som vanleg vil nok dei vaksne ha minst like moro av desse konsertane, så ungar i alle aldrar – gled dykk!

Og ikkje berre det: I år kan du kjøpa festivalpass til Badnajazz!
For 215,- (inkl. gebyr) får du oppleva alle desse flotte framsyningane! Billettsal hjå TicketCo.