• This event has passed.
sundag 29. mar 2015

Har du nokon gong spurt deg sjølv om trafikkstøy eller lyden av vaskemaskina kan vera musikalsk? Nokon seier at alle lydar kan vera vakre så lenge du lyttar. Faktisk seier nokon at lyd  berre er bråkete om du ikkje lyttar og at lyden vert musikk  i det du bestemmer at det skal vera musikk. Ganske vakkert, ikkje sant? I årets Tingingsverk til Badnajazz er det Supersonics som skal få jobba med vårt eige Badnajazzkor! Saman skal dei laga ein fantastisk konsert der det vert rare lydar, vakre melodiar, heftige rytmar, ulike stemningar og sjangrar!

Supersonics:
Petter Frost Fadnes – saksofon
Chris Sharkey – gitar
Ståle Birkeland – trommer

Badnajazzkoret: Songglade vossaborn under leiing av Olav Undeland og Anne Siri Undeland Bauthus.

Supersonics

ENGLISH
The trio Supersonic are getting together with the Vossa Jazz choir for this year`s commissioned work for the Children`s Jazz. Did you ever think of traffic noise or the washing machine as music? Some people say that every sound can be beautiful as long as you listen carefully. This is the main theme of the work. Come and be surprised!

Den musikalske stamvegen