Angusori – unik energi i Gamlekinoen

Angusori (Foto: Vossa Jazz / Iver Finne)
Angusori (Foto: Vossa Jazz / Iver Finne)

Den som gjekk i Gamlekinoen denne laurdagkvelden, vart møtt av eit samspelt ensemble med inderleg energi og mykje på hjarta. Publikum vart servert ein rik estetikk med fargar, stemningar og stort rom for improvisasjon. Det var vart og mektig på same tid. Sjølv om orda var på framande språk var innlevinga og kroppspråket så overtydande at det traff publikum rett i hjarterota. 

Kvelden var variert og fyllt av kontrastar.  Orkesteret var som ei elv av stemmer, instrument og rørsler. Rørsler som uttrykte smerte, glede og respekt for musikken og bodskapen i denne. Utforskinga av romtradisjonar og eksperimentell samtidsmusikk var grenseoverskridande på ein måte som skapte unike møte mellom dei på scena, og mellom dei på scena og publikum. Vidare ut i natta tok publikum med seg ein unik energi, kanskje med litt ekstra håp etter å sjå kva som kan skje når kulturar møtes.

Del gjerne!