Lastar Hendingar
Foto Margit Omholt Rønning
Foto Margit Omholt Rønning

Petters Festjam feat. John Pål Inderberg

OBS! Til denne konserten kan du kjøpa enkeltbillett eller billett som òg inkluderer konserten til Moksha (2 i 1: Moksha og Petters Festjam).

Petters JazzJam har dei siste åra vorte ein institusjon i miljøet rundt NTNU Jazzlinja i Trondheim. Under Trondheim Jazzfest 2020 vart festivalutgåva Petters Festjam etablert, og no kjem den elleville jamseansen til Voss og Vossa Jazz. Med på laget har Petter Dalane den legendariske John Pål Inderberg, den ekstraordinære Håkon Mjåset Johansen og den formidable Oda Steinkopf.  Spenn fartsbeltet og gjer deg klar for ein morosam, planlagt og improvisert fest!

Petter Dalane – piano
John Pål Inderberg – saksofon
Håkon Mjåset Johansen – trommer
Oda Steinkopf – bass