• This event has passed.

Mats Eilertsen: Rubicon. Tingingsverket 2014

laurdag 12. apr 2014

Etter endt utdanning ved Jazzlinja i Trondheim har han spela med eit utal musikarar og medverka til utgjevingar for Arve Henriksen, Solveig Slettahjell, Tord Gustavsen, Håkon Kornstad og The Source, for å nemna nokre få av dei. I tillegg har han fleire plater med eigne konstellasjonar, inkludert «Turanga» (2005) som vart kåra til årets utgjeving av det japanske Music Magazine og Spellemannsnominerte «SkyDive» (2011).

ŏrets verk har fått namn etter den mytiske elva Rubicon. Til å kryssa denne har Mats Eilertsen samla eit lag beståande av sju sterke musikalske personlegdomar han kjenner godt og har spela mykje med dei siste 15 åra. Det er sju sjølvstendige stemmer og instrumentalistar som alle har den unike evna å by på seg sjølv samtidig som dei sit på ei fantastisk forståing for ensemble-spel.

Rubicon spenner opp eit sonisk lerret av streng- og tangentinstrument, treblåsarar og slagverk, ei fargerik samansetning av lydar og notar. Nokre ord frå komponisten om årets verk: «Om livets mange bekker små som til sammen utgjør en hel å. En Rubicon, som må utfordres, krysses, overskrides og tilbakelegges. Uten frykt for konsekvenser, men med hevet hode og stolt blikk»,.

Mats Eilertsen – komponist, bass
Thomas Dahl – gitar
Tore Brunborg – saksofon
Olavi Louhivuori – trommer
Harmen Fraanje – piano
Rob Waring – vibrafon
Eirik Hegdal – saksofon og klarinett

Lyd: Asle Karstad

http://www.matseilertsen.com/