Lastar Hendingar

Badnajolajazz

  • Denne hending er over.
laurdag 29. desember

Kl 14:00

 

I denne konsertframsyninga demonstrerer bandet korleis ein kan leike med musikk &ndash, vri, vende og vrenge den, og gjere den til sin eigen. Borna får vere med Trabant på turn‚ over heile jordkloden (med ein svipptur innom månen), og på vegen får dei mellom anna høyre om kor slitsamt det er å bere rundt på ein kontrabass som er større enn seg sjølv, kor komisk vanskeleg det er å få lyd i ein saksofon når ein er seks år, og kva som skjer når trommene får nok av å bli slått på og bestemmer seg for å slå tilbake. Men framfor alt får publikum servert historier og songar om kor gøy det er å spele i band!

Trabant består av tre svært aktive musikarar frå dei unge jazz-, pop-, rock-, hip hop-, country-, bluegrass- og janitsjar miljøa:
Adrian Fiskum Myhr – kontrabass og vokal
Svein Magnus Furu – saksofoner, klarinetter og vokal
Audun Lunnan Hjort – trommer og vokal