

Maridalen vender attende med eit nytt prosjekt – denne gongen i samarbeid med låtskrivar og historieforteljar Lars Lillo-Stenberg, kjend for sine karakteristiske visetolkingar og for evna til å skildre det kvardagslege med varme og særpreg. Resultatet er EP-en Fransk utgang, spelt inn i mars 2025 i eit hus i den vesle franske landsbyen Sanxay.
Låtane vart skrivne og komponerte i fellesskap under opphaldet og krinsar rundt reiser, inntrykk frå landsbyen, lengt, undring og kjensla av å kome heim att. Tekstane reflekterer over kva det eigentleg tyder å dra bort – og kva ein oppdagar undervegs.
Der Lillo-Stenberg sitt særeigne uttrykk møter Maridalens opne og nordiske kammerjazz, oppstår ein musikk som er både melodisk og forteljande, open og nær.
Maridalen har dei siste åra markert seg sterkt både nasjonalt og internasjonalt, med tre kritikarroste album og konsertar på festivalar i heile Europa. Med Fransk utgang opnar dei saman med Lillo-Stenberg døra til eit nytt musikalsk landskap.
Jonas Kilmork Vemøy – trompet
Anders Hefre – saksofon, klarinett
Andreas Rødland Haga – kontrabass
Lars Lillo-Stenberg – vokal, gitar
Foto: Jørgen Nordby
Denne konserten får du med deg dersom du har enkeltbillett, festivalpass eller dagspass laurdag. Om du har pass, vurder å sikre deg med plassbillett (25 kr).