Draumemøtet mellom Maridalen og Lars Lillo-Stenberg! I mars i fjor pakka jazztrioen Maridalen instrumenta og drog til den franske småbyen Sanxay, der Lars Lillo-Stenberg hadde leigd eit hus under friåret
Ut av den varme klangen av kontrabass, saksofon og trompet, dyrkar Maridalen lyden av det akustiske. Trioen hentar namnet sitt frå det naturskjønne dalføret like nord for Oslo sentrum, og musikken dei spelar ser ut til å likna landskapet sjølv. Dei levande tonane snor seg søkande avgarde – som den sprokne asfalten, og dei mange stiane, som snirklar seg innover dalen.