Om å jobba frivillig
Vossa Jazz er ein diger dugnad, der dei frivillige likevel får "betalt" for jobben med høve til å oppleva musikk i eliteklasse både medan dei jobbar og i fritida.
Dette får du som medarbeidar:
- Medarbeidararmbånd. Dette båndet gjev adgang til alle arrangement der det er ledige plassar. Vossa Jazz må, som alle andre festivaler, få inn pengar i kassa og prioriterer difor dei betalande gjestene der det er utselt. Vi lovar deg derimot at du vil finne anna interessant musikk ein annan plass dersom du må snu i døra ein stad.
- T-skjorte
- Mat/drikke to gonger om dagen når du er på jobb under festivalen
- Medarbeidarfest
- Tilbod om sovesal på Voss Vandrarheim for 190 kr natta inkl. frukost (ta med sovepose!). Kontakt medarbeidar [alfakrudl] vossajazz.no for tinging.
- Medlemskap i Vossa Jazz for kun kr 50,- (ord. pris kr 200,-)
- Masse moro, passe slit og nye vener på den beste helga på Voss i 2012
Klikk her for søknadsskjema
Skildring av dei ulike jobbane
Vakthald
Som vakt er du Vossa Jazz sitt andlet mot publikum. Du har eit stort ansvar for at publikum får gode svar og gode vilkår for å høyre god musikk og at trivselen rår overalt, også i vaktlaget der og då. For å få dette til, må du vere både blid og bestemt og innstilt på å gjere ein god jobb. På dei fleste arr. må du vere minst 18 år. Velkomen skal du vere!
OBS: Dersom ein vil jobbe som vakt på enten Park/Vossevangen, Fleischer's eller Fraktgodsen, søker ein kun som "vakt" og skriv i kommentarfeltet kvar ein ynskjer å jobbe. Har ein ingen preferansar på jobbstad, vel ein enkelt og greitt berre "vakt" og skriv ingenting meir om det.
Akkreditering
Som akkrediteringsmedarbeidar vil du jobbe med å ta imot artistar, gjester og andre medarbeidarar og utstyre dei med festivalband og anna naudsynt informasjon og adgangsteikn. Denne jobben kan vere hektisk til tider og ein må kunne halde hovudet kaldt når folk kjem med alle dei spørsmåla dei har når dei kjem til Voss.
Garderobe
Garderobemedarbeidarane tek imot publikum sitt ytterty og leverer det attende når det er på tide å gå heim. Du skjønar teikninga...? Denne jobben høver mellom anna for dei som enno ikkje har fylt atten.
Artistvertskap
Som artistvert får du ansvaret for eit band under heile deira opphald på festivalen. Du skal sørge for at dei har det bra og har alt dei treng, og løyse eventuelle problem undervegs. Det er ein jobb med ein del ansvar og mykje moro :) Det hadde vore fint om du var over 18 og har førarkort.
Billettkontoret
Billettkontoret sel billettar og andre festivaleffektar som t-skjorter og liknande.
Catering
Catering-tenesta har ansvar for mat og drikke til artistar og andre medarbeidarar. Denne jobben passar også for dei som enno ikkje har fylt 18.
Dekor
Dekordepartementet er ansvarlege for den visuelle profilen til Vossa Jazz, og med det å skape eit godt miljø rundt arrangementet. Vi byr på spanande og varierte oppgåver som å dekorere scener, billett- og festivalkontor, samt å lage og sette opp skilt, plakatar, vimplar og annan visuell og nyttig informasjon kring konsertane inne og ute. Bli med og set farge på Vossa Jazz 2011!
Pressevertar
Festivalen skal dekkast av eit utal aviser og like mange journalistar. Me skal syta for at dei får god informasjon om arrangement og konsertar, at dei får oppdateringar fortløpande og at heimesidene til Vossa Jazz alltid inneheld rette opplysningar. Me treng folk som er fleksible, kreative, ikkje redde for datamaskiner, serviceinnstilte og skrivekunnige (nynorsk) - folk som vil at Vossa Jazz skal synast att i media!
Sjau
Sjau er festivalen sitt lim, smurning og ryggrad. På ein gong. Som sjauar blir du del av ein lystig gjeng som kan ta i eit tak eller tre. Du treng ikkje vere 18. Du må kunne løfte ein gitar, men treng ikkje kunne løfte eit flygel på eigenhand.
Transport
Sjåførar må så klart ha førarkort, og du må vere ein trygg og sikker sjåfør. Har du buss- eller minibussertifikat, er du spesielt ettertrakta. Typisk arbeidsmengd for ein sjåfør er to-tre turar tur-retur Flesland i løpet av festivalen. Festivalen har bilar og dekker drivstoff. Du må være tilgjengeleg for oppdrag minst to av dagane under festivalen.
Andre
(normalt etter avtale, bruk kommentarfelt og søknadskategorien "Andre" for å søke på desse jobbane)
Badnajazz
Ekstremjazz
Eldrejazz
UNGjaJAZZja
