Badnajazz 2026

Laurdag kl 11:00:

BADNAJAZZPARADEN

Me er glade for å fortelje at Vossa Jazz tek ein av dei stoltaste og mest gledelege tradisjonane inn att i festivalen. Badnajazzparaden har lange tradisjonar, dette biletet er frå 2016.

Foto: Runhild Heggem.

Årets parade startar frå Aktivitetsparken på Prestegardslandet klokka 11:00 og går til Scandic Hotell.

Fremst i paraden går Andreas, Benedikte og Henrik frå Plutselig Barneteater, og dei er klare for å lage liv og røre i gatene på Voss. Alle er velkomne til å delta, om du vil kle deg ut eller ta på deg ein rar hatt vert me veldig glade! Og om du har noko heime i sakene dine som kan laga ein artig lyd i paraden kan du ta det med!

Du treng ikkje kunne noko rop på førehand, det improviserer vi saman med Andreas, Benedikte og Henrik, i god jazz-ånd. Alle born må vere i fylgje med vaksne, men alle er hjarteleg velkomne.

Paradegeneralar: Andreas Cappelen, Benedikte Kruse, Henrik Horge

Foto: Jarle Nyttingnes

Paraden klokka 11:00 er GRATIS og fører dei som vil til Badnajazzkonsert på Scandic hotell:


Laurdag kl 12:00:

PLUTSELEG BADNAJAZZTEATER

Til vanleg heiter dei Plutselig Barneteater, men her hjå oss heiter dei Plutseleg Badnajazzteater og er ei bestillingsframsyning spesielt for Badnajazz.

Gjer dykk klare for eit improvisert eventyrteater for born der magien blir til i augneblinken! Plutseleg Badnajazzteater tek utgangspunkt i kjende forteljingar, eller kanskje heilt nye påfunn, og skapar ei uføreseieleg og morosam framsyning heilt på sparket.

Saman med musikarane og skodespelarane Benedikte Kruse, Andreas Cappelen, Henrik Horge og Lars Andreas Aspesæter får publikum vera med på å forma historiene. Det gjer at ingen framsyning blir lik den førre, og borna får vera med på å leggja premissane for alt som skjer på scena. Det blir ei musikalsk og magisk stund der både små og store får kjenna på gleda ved improvisasjon.

Om de ikkje klarer å venta til dei kjem til Voss, kan de høyra gjengen i podcasten deira. Der improviserer dei fram fantastiske eventyr som er perfekt lytting for både små og store, og kanskje helst saman.

Målgruppa er born med tilhøyrande familie. Tullete og gøy for alle!

Andreas Cappelen – skodespel, vokal
Benedikte Kruse – skodespel, vokal
Henrik Horge – skodespel, vokal
Lars Andreas Aspesæter – piano, vokal

Foto: Jarle Nyttingnes

MERK: Denne framsyninga startar i forlenginga av BADNAJAZZPARADEN som er tilbake i år! Paraden klokka 11:00 er GRATIS.

Framsyninga klokka 12:00 krev berre PLASSBILLETT til 25 kr. Dette gjeld alle publikumarar, uansett om ein har pass eller ikkje. Unntak: Born under 2 år treng ikkje plassbillett.


Sundag kl 13:00:

DINOSAUS OG ROCKEFOT

Dinosaus & Rockefot tek born og vaksne med på ei uforgløymeleg musikalsk reise full av humor, energi og sjangerbreidde. Med musikk og tekstar av Spellemannsnominerte Heidi Solheim kombinerer framsyninga rock, punk, blues og andre sjangrar på ein måte som både underheld og overraskar.

Rockebandet Dinosaus drøymer om å bli verdas største band. På vegen mot stjernehimmelen møter publikum bandmedlemene sine eksentriske personlegdomar, obskure situasjonar og låtar som gjerne handlar om å gjere det ein vil – når ein vil. Undervegs blir barna med på rockeskule, rop & svar, dans og morosame gjetteleikar. Songar som Verdas Kulaste Dyr, Hermesangen, Min Egen Veg og Fiskekake byr på både latter, energi og små augeblikk av refleksjon. Resultatet er ei konsertoppleving for heile familien som sit i kroppen lenge etter at siste riff har lagt seg.

Framsyninga er eit samarbeid med Senja barnefestival, og høver for aldersgruppa 3-10 år.

Heidi Solheim – akk gitar, vokal
Roger Tunheim Jakobsen – trommer, vokal
Rudi Nikolaisen – el-bass, vokal
Torje Åsali Jenssen – el-gitar, mac, vokal

Foto: Øyvind Mellem

Denne konserten får du med deg dersom du har enkeltbillett til konserten, festivalpass eller dagspass sundag. Om du har pass, vurder å sikre deg med plassbillett (25 kr).


Ein liten film om Badnajazz laga av Terje Nesthus: