Billettar
Enkeltbillettar viser du i døra, pass og huskort løyser du inn i armband på billettkontoret i opningstidene.
Billettkontoret
I vestre enden av Park hotel Vossevangen. Hugs at alle pass må bytast inn i fysiske armband. Du kan også få hjelp av oss til å kjope billett, og du kan hente ut akkreditering dersom det er aktuelt for deg.
Torsdag: 17 – 21
Fredag: 10 – 21
Laurdag: 10 – 21
Sundag: 10 – 14
Billettkategoriar
Enkeltbillett
Du kan kjøpe enkeltbillett* til store deler av festivalkonsertane. Unntak: Park hotell kveld og Ungdomshallen.
Pass og plassbillett
Dagspass og festivalpass gjev deg tilgang til alle konsertar.
Har du pass, kan du sikra deg adgang på enkeltkonsertar med plassbillett (25 kr). Unntak: Park hotell kveld og Ungdomshallen. Gyldig fram til 10 min før konsertstart.
Er du 25 år eller yngre, kan du kjøpe festivalpass UNG til godt rabattert pris.
Huskort
På Park hotell frå kl.19:30 fredag og 20:00 laurdag kan du begrensa deg til huskort* – éin billett for alle konsertane på Park. Merk at Opningskonserten fredag og Tingingsverket laurdag startar tidlegare, dei inngår ikkje i huskorta.
*Enkeltbillett og huskort treng ikkje plassbillett.
Legg merke til
Park hotell kveld har ikkje plassbillett/enkeltbillett. Her får du tilgang med dagspass, festivalpass og huskort.
Ungdomshallen har ikkje plassbillett/enkeltbillett. Her får du tilgang med dagspass og festivalpass.
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte, unntatt ved ev. avlysing. Sjå under.
Avlysing
Arrangøren (Vossa Jazz) har rett til å avlyse tilskipinga. Ved avlyst tilskiping blir billettar, med frådrag for billettavgift, refundert. Billettkjøpar kan ikkje setje fram andre krav enn dette. Avlysing i ein force majeure-situasjon vert regulert i sin heilheit av force majeure-punktet under, med unntak av avlysing grunna covid-19. Då vert kjøpte billettar refundert.
Force majeure
Som force majeure er ekstraordinære situasjonar som ligg utanfor Arrangøren sin kontroll og som i vesentleg grad vanskeleggjer rasjonell gjennomføring av tilskipinga eller oppfylling av andre plikter etter avtalen (irekna, men ikkje avgrensa til, orkan, tsunami, krigsutbrot, terrorangrep, pandemi, epidemi, brann, streik, samfunnstruslar som inneber restriksjonar, pålegg, anbefalingar eller liknande frå myndigheitene, landesorg, flaum, storm, naturkatastrofe).
Verknad av force majeure: Ved force majeure vil Arrangøren sine plikter ovafor billettkjøparen falle bort, irekna Arrangøren sitt ansvar for gjennomføring av tilskipinga, billettkjøparen sin eventuelle rett til refusjon av billettpris samt billettavgift, erstatning eller prisavslag. Billettkjøparen kan heller ikkje setja fram andre krav mot Arrangøren.
Varsling: Om Arrangøren vil gjera force majeure gjeldande skal billettkjøparen bli varsla om det utan ugrunna opphald til billettkjøparen si oppgitte e-post-adresse. Dersom billettkjøparen ikkje har registrert e-post-adresse i samband med kjøpet fell Arrangøren si varslingsplikt bort.
Park hotell nede: 18 års aldersgrense etter kl. 20:00
Park hotell oppe: 20 års aldersgrense etter kl. 20:00
Ungdomshallen: Vergjeordning for personar under 18 år. Les meir under.
Dersom personar under 18 år skal på konsert i Ungdomshallen etter klokka 20:00, lyt dei ha med ein verje.
Verjen skal ikkje drikka alkohol eller bruka andre rusmiddel før eller under konsert/arrangementet.
Verjen skal vera fylt 23 år.
Verjen skal vera til stades heile tida.
Verjeskjema fyller de ut på billettkontoret når de hentar armband. Både personen under 18 år og verjen får gult armband for den gjeldande dagen. Gult band betyr at dei ikkje kan kjøpe eller drikke alkohol.
Verjen kan ha vanleg festivalband i tillegg til det gule bandet for å delta på festivalen dei andre dagane.
Dersom du har rett til følgjebillett på festivalen må du ta kontakt med Vossa Jazz, dvs. sende ein e-post til post@vossajazz.no seinast 15. mars med informasjon om kva konsert(ar) du ynskjer billett til. Den som har følgjekort må kjøpa billett til vanleg pris.
Gyldig følgjekort må visast fram i døra.
Gåvekort kjøper du også hjå TicketCo.
Ein kan bruka gåvekortet ved kjøp av billettar til festivalen eller andre konsertar Vossa Jazz skipar til.
