Varslingsrutinar

Opplever du unøskte hendingar på festivalen?

Vossa Jazz jobbar aktivt og målretta for å fremja likestilling, hindra diskriminering og førebygga seksuell trakassering. Alle som deltek på Vossa Jazz skal ha ei trygg oppleving.

Vossa Jazz har nulltoleranse når det gjeld all form for trakassering. Trakassering, også seksuell trakassering, er uønskt merksemd som har som mål eller verknad å vera krenkande, skremmande, fiendtleg, nedverdigande, audmjukande eller plagsam.

Tilsette, frivillige, artistar, publikum og samarbeidspartnarar har ansvar for at dei sjølve ikkje trakasserer nokon. Om ein opplever diskriminering, seksuell trakassering eller uønskte hendingar, eller vert kjent med andre har vorte utsett for slikt, skal ein varsle om dette.

Ved uønskte hendingar ber me om at du snarast råd tar kontakt med ein av desse:

  • Frøydis Århus (dagleg leiar), 416 15 297
  • Nils Erik Auth (styreleiar), 469 05 937
  • Mads Indrehus (styremedlem og tryggingsansvarleg), 909 50 615

Fyll gjerne ut rapportskjema under og levér dette til ein av dei ovanfor nemnde. Alle varsel vert handsama konfidensielt og me fylgjer Balansekunst sine anbefalte varslingsrutinar: Retningslinjer og rutiner – Balansekunst (balansemerket.no)

Er du usikker på om du skal melde frå? Ta likevel gjerne kontakt. Det er høve til å rådføre seg før ein leverer inn skjema, for å få rettleiing. Me ha teieplikt og vil handsame det me får fortruleg.      

Dersom du ynskjer å snakke med nokon utanfor Vossa Jazz kan du ringe Balansekunst sin rådgjevingstelefon om seksuell trakassering og maktmisbruk i kulturlivet. Les meir her: https://balansekunstprosjektet.no/balansekunsts-veiledningstelefon

Alle som deltek på Vossa Jazz skal ha ei trygg oppleving.

Rapportsskjema finn du her: Skjema

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.