Silje Halstensen, kjend som Bendik, har eit tydeleg sound som er lett å kjenna att enten det er superhiten «Perfekt» eller resten av låtane hennar ein høyrer. Bendik har vakse til ei eigenarta og kompromisslaus røyst i norsk musikk.
Sidan debuten i 2012 har ho laga både indierock og synthpop, med rå ærlege tekstar. Musikken har nådd publikum på Roskilde, Øyafestivalen og Bergenfest, og ho har gjort låtane sine til ein stad for både hjartesorg og håp. Ho er A-lista på NRK P1 og P3, har fått fleire Spellemann-nominasjonar, skrive musikk for teater og delteke i «71 grader nord» og «Hver gang vi møtes».
No kjem Bendik til Vossa Jazz med albumet «Hysj», som kom ut 16. januar 2026. Det er ei meir banddriven plate der kontrastar og store kjensler står i sentrum.
Besetning
- Silje Halstensen – song, gitar
- Jan Klippen Hovland – keys
- Simon Dolmen Bergseth – gitar
- Bendik Hovik Kjeldsberg – trommer
* Konserten med Bendik inngår i Huskort Park Fredag, Dagspass Fredag og Festivalpass. Ein kan ikkje kjøpe enkeltbillett til denne konserten.

