Torjus Slettsnok Raknes er truleg mest kjend som vokalist og gitarist i det kritikarroste rockebandet Kristi Brud. Då ryktet gjekk om at han hadde slått seg saman med Anette Basso og no skreiv på eit låtmateriale i sjangeren eksperimentell rock, ispedd kraut, jazz og ravande synthar, vart Vossa Jazz nyfikne. Dette er såleis noko så sjeldant som ein lanseringskonsert og turnéstart for eit flunkande nytt band.
Raknes er låtskrivar, tekstforfatter og produsent, Basso tekstforfatter og musikalsk bidragsytar. Begge er vokalistar i prosjektet. Akkordknappe og lange droneparti legg opp til at låtane skal ta nye vegar og avstikkarar i ei livesetting. Duoen får fylgje i studio og på scenen av nokre av Bergen sine mest erfarne musikarar, og som kjenner kvarandre godt frå andre samarbeid.
Du såg Petropolis fyrst på Vossa jazz!
Besetning
- Torjus Slettsnok Raknes – gitar, vokal, bass
- Anette Basso – vokal, synth
- Per Elling Kobberstad – trommer, perkusjon
- Simon Skøien – gitar, bass
* Konserten med Petropolis inngår i Huskort Park Laurdag, Dagspass Laurdag og Festivalpass. Ein kan ikkje kjøpe enkeltbillett til denne konserten.

