La Vacanza er ikkje berre “ferien” på italiensk det er og eit band frå Bergen som syt for italiensk indiesoul til folket. Leidd av drøymande italiensk vokal, blandar bandet italo-pop, 60-tallspop, disco og bergensk indie til melodiske, groove-drevne låtar med fengande gitar-riff og crispy trommer. Resultatet er varmt, sommarleg og leikent, som ein god ferie. Lydbiletet deira kjennest meir middelhavsk enn nordisk og kan frakta deg frå ugjestmildt mars-vér til sol og sommar.
La Vacanza sin debut-EP In “Riva al Mare” fangar denne særeigne blandinga. Med ei frisk tilnærming til italiensk indiesoul og ein sterk musikalsk identitet er La Vacanza klare for Vossa Jazz.
Besetning
- Sofia Guidi – vokal
- Sjur Folgerø – gitar
- Leo Geller – elbass
- Halvor Anspach Thormodsæter – trommer
- Audun Humberset – perkusjon
* Konserten med La Vacanza inngår i Huskort Park Laurdag, Dagspass Laurdag og Festivalpass. Ein kan ikkje kjøpe enkeltbillett til denne konserten.

