Moses Hightower

Moses Hightower har hatt ein spesiell plass i hjarta og på hitlistene til islendingane heilt sidan den fyrste utgjevinga deira i 2010. Utover dei islandske landegrensene har dei lenge vore eit band som musikkinteresserte har visst om men som heilt klart fortener eit breiare publikum. Difor inviterer me dei til Voss for å diska opp med tette vokalharmoniar og fengande hooks. Å sjå konsert med Moses Hightower er ei dynamisk affære, fødd ut av ein djup dedikasjon til liveframføring og klissete synthesizarar. Her kan du fortape deg i det islandske målet, du kan forstå litt eller ingenting av tekstane, men hovudet ditt vil nikka med likevel.  

Besetning

  • Steingrímur Karl Teague – song, keyboard 
  • Andri Ólafsson – bass, song 
  • Magnús Trygvason Eliassen – trommer 
  • Magnús Jóhann Ragnarsson – synth, perkusjon 
  • Rögnvaldur Borgþórsson – gitar, song 

* Konserten med Moses Hightower inngår i Huskort Park Laurdag, Dagspass Laurdag og Festivalpass. Ein kan ikkje kjøpe enkeltbillett til denne konserten.