Madmax er eit framoverlent band starta av fire vener på jazzlinja i Trondheim. Med den eksotiske samansetninga tuba, synth, vokal, gitar, trommer, og eit temmeleg nonchalant forhold til sjangergrenser, speler bandet uredd musikk som egnar seg perfekt for både hemningslaus dans og kontemplasjon. Madmax er såleis ei live-oppleving utanom det vanlege.
Bandet vart startet i 2022 og har sidan spelt konsertar på blant anna Trondheim Calling, Oslo jazzfestival, Dokkhuset scene og Salt. Sommaren 2024 hadde dei sin internasjonale debut under eit arbeidsopphald på La Maison Matrice i Sveits. Her skreiv dei mykje av musikken som kom på det fyrste albumet deira: “We’re bringing dubstep back! Eksperimenterende og dynamisk kokko-rock”
– Gaffa.no
Besetning
- Anna Ueland – synthar, vokal
- Albert Rygh – gitar, vokal
- Hermann Hestbek – tuba, effektar
- Niklas Heide – trommer
* Konserten med MadMax inngår i Huskort Park Fredag, Dagspass Fredag og Festivalpass. Ein kan ikkje kjøpe enkeltbillett til denne konserten.

