Blest – TalentVest Ungdomsstorband med Marius Neset

Møter med førebilete kan vere ei svært avgjerande oppleving for unge talent. Det kan inspirere, gi verdifull rettleiing, opna nettverk og styrkje sjølvtilliten. Blest er ein del av mentorprogrammet TalentVest, der talentfulle ungdommar fra Vestlandet samarbeidar med profesjonelle musikarar om eit felles musikalsk produkt av høg kvalitet. Vossa Jazz er stolte av å presentera ein heilt spesiell storbandkonsert med unge lovande musikarar saman med stjernesaksofonist Marius Neset, trommeslagaren hans Anton Eger og musikarar frå Bergen Big Band.   

Besetning 

  • Marius Neset – saksofon
  • Anton Eger – trommer  
  • Blest – TalentVest Ungdomsstorband
  • Bergen Big Band                         

 
Blest  er mogleg takka vere generøse tilskot fra Vestland Fylkeskommune og GC Rieber Fondene.