MEDARBEIDARINFORMASJON VOSSA JAZZ 2026
No er me snart klare for den 53. Vossa Jazz-festivalen, og me gler oss til å laga festival saman med deg og alle dei andre medarbeidarane.
Her får du generell informasjon om medarbeidarjobben. I tillegg vil du få tilsendt spesifikk informasjon om dine oppgåver frå sjefen din.
DETTE FÅR DU SOM MEDARBEIDAR
• Medarbeidararmband. Dette bandet gjev tilgang til alle arrangement der det er ledige plassar. Me lovar deg at du vil finna interessant musikk ein annan stad dersom det er fullt og du må snu i døra.
NB! Medarbeidarar kan ikkje kjøpa plassbillettar til konsertar. Dersom det er ein konsert du absolutt vil høyra, må du ha ordinær billett for å vera sikra plass.
• T-skjorte. Denne skal du ha på deg når du jobbar, når du går på konsert utanom arbeidstid har du på deg noko anna. Etter festivalen kan du sjølvsagt bruka den når du vil!
• Mat og avslapping. Du kan ete gratis mat i medarbeidarområdet vårt, som me kallar HUB’en, like før eller like etter vakta di. HUB’en er lokalisert i turistinformasjonen, i fyrste etasje i Scandic-bygget.
Etter at HUB’en er stengd vil det vera enkel mat tilgjengeleg i lokala til Vossa Jazz i Vangsgata 6.
Opningstider for medarbeiderlokala:
Torsdag
HUB’en 17 – 22
Vossajazzkontoret 22 – 00
Fredag og Laurdag
HUB’en 12 – 22
Vossajazzkontoret 22 – 00
Sundag
HUB’en 12 – 18
• Rabatt. Som medarbeidar får du også gode prisar hos Smalahovetunet som står utanfor Gamlekinoen! Pølse til 60 kr og burger til 100 kr.
• Medarbeidarfest i Pentagon sundag kveld. Aldersgrense 18 år.
• Mykje moro, passe slit, god musikk og nye vener på den beste helga på Voss i 2026!
DETTE KREV ME AV DEG SOM MEDARBEIDAR
- Du møter opplagt, presis og edru på jobb.
- Du har lese og forstått informasjonen du finn i denne e-posten og anna informasjon du får frå
festivalen. - Du veit kor og når du skal jobba og kven som er sjefen din.
- Du deltek på informasjonsmøtet fredag kl 16:45, i Juvet på Park hotell. Gje beskjed til sjefen din i god tid dersom du ikkje har høve til å delta. Dei fleste jobbstadane har også eigne informasjonsmøte som du må delta på. Dette får du informasjon om frå sjefen din
- Du skal ha det moro på jobb!
REGISTRERING
Registring som medarbeidar, gjer du hjå Akkreditering.
Akkreditering deler kontor med Billett, i den delen av Park hotell som ligg lengst vest (mot Kulturhuset og Bergen).Der vil du få medarbeidararmband og t-skjorte. Armbandet er billetten din for å koma inn både når du jobbar, går på konsert og når du skal ha medarbeidarmat.
Hjå akkrediteringa kan du også få svar på praktiske spørsmål om festivalen.
Det er lurt å henta medarbeidararmbandet så tidleg som råd. På fredag ettermiddag kan det vere kø.
Opningstider akkreditering:
- Torsdag 15 – 22
- Fredag 11 – 20
- Laurdag 11 – 20
- Sundag 10 – 16
Kjem du utanom opningstida til akkrediteringa, må du venta til neste dag.
Hugs å ta med legitimasjon.
OVERNATTING PÅ VANDRARHEIMEN
220,- per person per natt inkl. frukost, på 4-6-manns rom med dusj og do. Du registrerer behov for overnatting på søknadsskjema eller på «mi side» etter at du er registrert som medarbeidar.
DETTE MÅ DU OGSÅ VITA OM JOBBEN
• Du som medarbeidar er Vossa Jazz sitt andlete utad.
Møt publikum med eit imøtekomande smil.
Gjer deg kjend med dei viktigaste punkta i programmet slik at du kan svara på spørsmål om det.
• Du skal ikkje uttala deg til pressefolk på vegne av festivalen.
Du kan sjølvsagt svare på spørsmål av type «Er det kjekt å vera medarbeidar på Vossa Jazz?» og likande, men visa til festivalleiar på alt anna. Frøydis Århus på tlf 416 15 297.
• Du må gje beskjed til sjefen din dersom du får arbeid du ikkje er komfortabel med å gjennomføra. Me gjer vårt ytterste for å unngå farlege situasjonar, men me ventar også at du tenkjer sjølv og gjer arbeidet på ein trygg måte.
Regelen er at me skal ha det kjekt i lag, og då me må alle syta for å oppføra oss mot andre som me vil dei skal oppføra seg mot oss.
Skulle du oppleva uønska åtferd kan du kontakta sjefen din
eller festivalleiar Frøydis Århus på tlf 416 15 297
Du finn også skjema for registrering av uønska hendingar her: https://vossajazz.no/opplever-du-uonskte-hendingar-pa-festivalen/

