Vossa Jazz-utstillinga er herved opna!

dsc_0070

Det skulle også berre mangla! Lindahl traff nålauga med si masterutstilling ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen og har med hjelp av Vekselbanken kunna bruka tida si på å få i stand ei spesialutstilling på Vossa Jazz i tillegg til å stå for årets festivalplakat. Fyrst ute var ein stolt kunstlagsleiar Kjell-Erik Ruud som også nytta høvet til å takka dei mange frivillige som Voss kunstlag har til å hjelpa seg. Vekselbank-sjef Jan Arveschoug fekk fram låtten i både kunstnaren og publikum då han drog opp ein dorull med visdomsord. Etter han takka Laila  Rynning Veum både Lindahl samt gav ei flaske sprudlande vin til Trude Storheim. Etter påfyll av glas på oppmoding frå Unni Askeland så føretok ho sjølve opninga med historier frå eige kunstnarliv oppmuntrande formaningar til Lindahl og opplesing av  Milan Kundera. No er det berre for folk å få seg på utstilling i løpet av helga – det er vel verd turen!

Del gjerne!