Vossa Jazz har nytt programråd!

Programrådet

Nytt for festivalen i 2024 er etableringa eit kunstnarisk råd som skal samarbeide tett med festivalleinga om å utarbeide programmet for 2024. Dette for å sikre den kunstnariske kvaliteten i perioden der det er midlertidige tilsetjingar på kontoret med ny både dagleg leiar og produsent. Dette rådet består av Jan Granlie, Berit Opheim og Marius Klovning i tillegg til Magne Kalstad frå styret, saman med dagleg leiar Laila Melkevoll og produsent Ingrid Steinkopf. Rådet starta sitt arbeid i haust, og dei er godt igang med å planlegge festivalen 2024.

Festivalen vil halde den musikalske profilen med jazz og folkemusikk og vil bli programmert deretter. Ein skal også i halde på den nyskapande retninga og bestille og presentere ny musikk, samt halde fram arbeidet med gode og inkluderande program for våre ulike målgrupper.

Programrådet ser fram til fortsettinga av arbeidet utover året!

Les litt om kvar enkelt her

Del gjerne!