Lars Saabye Christensen er ein av Noregs mest populære forfattarar og kjem til Voss og Vossa Jazz med nyskriven tekst for å opna den 46. festivalen!

Saabye Christensen debuterte i 1976 med diktsamlinga Historien om Gly og mottok for denne Tarjei Vesaas debutantpris. Han har skrive ei rekkje dikt og skodespel og fleire filmmanuskript, men har først og fremst utmerka seg som novellist og romanforfattar. Gjennombrotet kom med romanen Beatles i 1984 som gav han Cappelenprisen og heider utover Noregs grenser. Andre kjende bøker er Herman og Halvbroren. Han har mellom anna fått Brageprisen og Nordisk råds litteraturpris. Halvbroren er selt i over 200 000 eksemplar og til 22 land.

I 2006 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden og i 2008 til ridder av den franske Ordenen for kunst og litteratur.

Park, Vossasalen fredag 12. april kl. 19.00 – før opningskonserten.

Seinare på kvelden kan du møta Saabye Christensen med Buicken i biblioteket i Voss Kulturhus.