Kveik til kvardags

dsc_0030

Linda Eide gav innleiingsmessig ei innføring i kvifor nett Voss er såpassa spesiell – uhemma heimstadshylling som ho kalla det men det tåler ein vossing! Så fortsette Stig Roar Wigestrand med eit musikalsk føredrag om kva som må til for å lukkast med nyskaping og Gry Sinding gav ein halvtimes coach-jobb om korleis å skapa sin draumejobb – mykje å tenkja på og snakka om i etterkant! I tillegg til den dyktige felespelande Wigestrand og blokkfløytespelande Eide så kom sjølvaste Stian Carstensen saman med Torbjørn Dyrud og framførte smakebitar frå årets tingingsverk. Berre å gle seg!

Del gjerne!