Frisk frijazz fredag kveld!

Foto: Odin Drønen

Anna Högberg – like fri og herleg energisk, som ho var då ho entra scena med Anna Högberg Attack! under Vossa Jazz i fjor. Denne gongen kjem ho med bandet Se och Hör, der ho har med seg Niklas Barnö på trompet, Emil Skogh på bass og  Dennis Egberth på trommer. Sjølv spelar ho saksofon.

Med engasjement og sylskarp presisjon, leikar dei seg gjennom sjølvskrivne låtar. Dei er heller ikkje redde for å bevega seg inn i både rolege og meir intense sekvensar. Det gjeld å henga med i svingane, alle får kvar sin tur til å skina i imponerande soloar og komplekse improvisasjonar.

Før ekstranummeret speler dei ei låt med same namn som bandet sjølv. Ein kan vel seie at låta fangar essensen av konserten og Se och Hör sitt utrykk som heilskap; fengande lite føreseieleg!

Les meir om Se och Hör her.

Del gjerne!