Lastar Hendingar
Se och hör

Se och hör

  • Denne hending er over.
fredag 27. mars

Kl 21:30

Se och Hör syter for gjensyn med henne og eit tilsvarande hardtslåande, leikande og energisk band. Tenk Ornette Coleman og Don Cherry anno 2014!

Stockholmsbandet spelar eigenkomponert musikk med stor fridom og speleglede, mange ført strålande i pennen av bassist Emil Skogh. Högberg, utnemnt til årets Jazzkatt 2013 i Sverige, seier dette om sin innfallsvinkel til jazz: «Jazz er punk, jazz er revolusjon – musikk som berre verkar flink og førebudd, rører meg overhovudet ikkje.» No kan ikkje kvartetten kallast anna enn usedvanleg flinke, og når det gjeld det siste, så ver førebudd på det meste!

Niklas Barnö – trompet
Anna Högberg – saksofon
Emil Skogh-  bass
Dennis Egberth – trommer

OBS! Denne konserten inngår i billetten huskort fredag.

ENGLISH
The hardhitting, playful band Se & Hör hails from Stockholm and with virtuoso and Jazzcat of the Year 2013, Anna Högberg, an energetic gig is ahead of you. They play self-composed music with a free approach and joy of playing. «Jazz is punk, jazz is revolution – music that just seems prepared and smooth doesn`t move me at all» says Högberg. Let the jazzpunk revolution start!