DYKTIGE “TASSAR” BANAR VEG FOR BADNAJAZZ

Foto: Eirik Åsheim

“E du ein keisam liten tass?”, laud startskotet for årets jazzparade med Olav Undeland i spissen. Det tok ikkje lange stunda før Badnajazzkoret frå Bjørgum barneskule måtte protestera: “Nei, nei nei!”

Eit hav av unge og gamle hadde fylt torget då paraden byrja, og med svingande rytmar, ei mengd perkusjonsinstrument og ein knallblå veteran-pickup bana dei veg mot kulturhuset. Borna, som var utstyrt med gitarar, ukulelar, kubjøller, bytter, grytelokk og tamburinar, viste eit brennande engasjement og sprudlande musikkglede, og tok publikum med storm. Det var ikkje berre engasjementet som imponerte – dei dyktige gitaristane spelte riff med stor innleving og trommeslagaren heldt stødige beats på trommesettet!

Hugs òg å få med deg resten av badnajazz-arrangementa, blant anna Jazzoo klokka 15.00 i Voss Kulturhus og Supersonics søndag klokka 13.00 i Osasalen. Vel møtt!

Del gjerne!