Det er ein stad der me høyrer til

Nana Rashid (foto: Vossa Jazz/Daniel Sapak)
Nana Rashid (foto: Vossa Jazz/Daniel Sapak)

Er det ein stad mer me høyrer til, let songen. Svaret er eit ljomande ja! Nana Rashid høyrer for alltid til på Vossa Jazz. Fortel meg bror, korleis har du vorte så sterk? Truleg har denne ukjende broren lytta til Nana og hennar kompanjongar. Slik ei stemme finn ein ikkje kvar dag, slikt eit klaverspel høyrde ein sist i 2018, då Rashid gjesta Vossa Jazz førre gong. For anledningen var bandet utvida med både trommer og kontrabass. Var det ei perle som vitja Osasalen eller var det ei kvinne i Somalia? Eller kanskje det var Nina Simone? Det var kanskje ei kvinne i Somalia? Svaret er som alltid Nana Rashid.

Det vart forkynna at ei kvinne sjølvsagt ikkje skulle vera nokon mann sin pris, men her var Nana publikum sin premie. Dette er eit poeng som vart ytterlegare understreka gjennom låten «four women», som her snarare handla om «four people» – ei framføring som truleg ikkje har let like vent sidan Nina Simone framførte låten i Oslo i 1990 eller sidan Nana sjølv presenterte den i 2018.

Del gjerne!