Som bestilt til Voss!

Har du følgt med i programsleppet i jolakalenderen vår? Der kan du m.a.  lesa om Hedvig Mollestad som skal ha Tingingsverket.

I tillegg har me to nye bestillingar:  Vossa Jazz har bede to av landets aller mest særeigne, spanande og bejubla komponist-musikarar om å skriva ny musikk til Vossa Jazz 2019: John Erik Kaada og Ståle Storløkken! I tillegg kjem Frode Haltli med sitt Avant Folk – eit stjernelag av musikarar!

Heile programmet er enno ikkje sleppt; følg med i januar! Her er mykje spanande å sjå fram til.

Del gjerne!