Vossa Jazz 2024

Randi Pontoppidan -solo

Randi Pontoppidan er kjend for vokalarbeidet sitt, og kanskje spesielt for hennar eksperimentelle elektroniske livehandsaming av stemma. Ho har ein bakgrunn frå både jazz og klassisk song, og nyttar ei blanding av desse stilartane til å skapa musikk utanfor sjangerrammene. Ho skaper eit elektroakustisk lydunivers som ikkje liknar noko anna, og som dreg publikum med seg, kvar enn det bevegar seg. 

Les meir »

Best Western Swing

Det må jo bli medrivande når fem musikarar let seg foreina i kjærleiken sin til musikk som dette. Best Western Swing omtalar det sjølv som “western swing, hestejazz, bææ-bop og andre rurale uttrykk for jazzifisert dansemusikk frå dei amerikanske sørstatane”. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort laurdag.

Les meir »

Karja/Renard/Wandinger

I Osasalen skal improvisasjonar inspirerte av øydelagde maskinar og gamle, nifse stumfilmar krypa inn under huda på publikum. Hakkete og støytvise rytmar vert etterfølgde av rolege parti som snor seg fram mot brå brak og ustyrlege musikalske utfaldingar. Når trioen Karja/Renard/Wandinger spelar i Osasalen, kan me ikkje sjå for oss anna enn at det vil lyda heilt ned til Vangsvatnet!

Les meir »

Resjemheia

Resjemheia er skildra som “eit musikalsk overgangsparti, frå bluesbyens rike til folkemusikkens kongedømme – ein higway frå elgitar til hardingfele.» Denne konserten er inkludert i billetten Huskort fredag.

Les meir »

Susanne Lundeng solo

Med virtuost felespel og eit uttrykksfullt scenisk nærvær kjem Susanne Lundeng tilbake til Voss. Denne gongen som soloartist. Med seg i bagasjen har ho den nordnorske folkesjela.

Les meir »

AUROM TRIO m/ Per Jørgensen

Folkesongarane i Aurom skal leika seg mellom det nye og det gamle i Vangskyrkja. Dei tre vokalistane brukar tradisjonssongar, nye songar, og sjeldan finjustert samklang til å skapa sitt tidlause musikalske uttrykk. Det er alltid eit snev av improvisasjon i musikken deira, som hentar stemninga si frå spennet mellom det stille og skjøre, og det intense og ekspressive. 

Les meir »

Karin Krog & The In Between Times

Noregs Jazzdronning, Karin Krog, fekk Norsk jazzforums Hederspris i 2023 for over 65 år i jazzens teneste. Når ho i år kjem til Voss saman med gitarist Staffan William-Olsson og bassist Terje Gewelt er det ein høgt akta og mykje prislova trio som entrar scena.

Les meir »

Gabriel Fliflet – I lys loge

Gabriel Fliflet er eit kjent, og kjært namn på Vossajazz. Når han i år framfører tingingsverket “I lys loge”, er det 30 år sidan han fekk Vossajazzprisen, og han har satt eit sterkt preg på festivalen sidan det.

Les meir »

Marius Neset Quintet

Det kjende og føreseielege skal utfordrast når Marius Neset kjem til Vossa Jazz med sin nye handplukka kvintett! Kjenneteikna av eventyrlyst, uventa rytmar og brå taktvendingar, pendlar dei frå lyriske balladar til rytmiske eksplosjonar – alt framført med kvass teknisk nøysemd og presisjon

Les meir »