Lastar Hendingar
Foto Malin Longva

Siril Malmedal Hauge

Siril Malmedal Hauge er ein særs spanande og allsidig vokalist, instrumentalist, komponist og lyrikar med sterke røter i jazztradisjonen. I 2019 kom Uncharted Territory: debutplata hennar som bandleiar. Med ei perfekt blanding av popenergi og melodisk jazz i singer-songwritertradisjon overtydde den unge jazzsongaren frå Sula og det strålande bandet både platemeldarar og publikum. I 2021 kjem den etterlengta oppfølgaren, som me får høyre smakebitar frå under årets festival.

Malmedal Hauge meistrar både ljos og skugge i sine melodiar og si tekstverd, men til sjuande og sist er det glede, livskraft og varme som vinn fram som den viktigaste grunntonen i musikken hennar.

«En stemme for fremtiden» – Aftenposten, omtale av Uncharted Territory

Siril Malmedal Hauge – vokal, mandolin
Martin Myhre Olsen – saksofoner
Torgeir Hovden Standal – gitarer
Kjetil André Mulelid – piano, orgel
Martin Morland – bass
Henrik Lødøen – trommer