Lastar Hendingar
Foto Magdalena Martin

Petter Wettre

  • Denne hending er over.
sundag 28. mars

Kl TBA

 

Petter Wettre har sidan tidleg 90-tal markert seg som ein av dei viktigaste utøvarane på den norske jazzscena. Med Petter Wettre Trio og Wettre Quartet har han sanka fleire Spellemann-prisar, laga ei rekke knallgode album og spelt på scener verda over.

2020 var året då alt vart snudd opp ned for dei fleste. For jazzmusikarar vart det avlyste konsertar, utsette turnear og ei rekkje praktiske utfordringar. Men med pandemien oppstod òg eit heilt nytt konsertformat: strøymekonserten.

Med ein amputert turné som bakteppe og med tilgang til heile Noregs arbeidslause jazzelite fekk Hans Mathisen moglegheita til å setje opp ein konsert med denne gjengen for ein eksklusiv strøymekonsert live frå Hjertnes Kulturhus i mai i år. Prosjektet var ein suksess, og det vart fire konsertar til med konstellasjonen utover sommaren og hausten under namnet «Kruttrøyk-sessions», i Oslo.

No tar Petter Wettre med seg Hans Mathisen og dette spontane og friske prosjektet til Vossa Jazz!

Petter Wettre – saksofon
Hans Mathisen – gitar
Anders Aarum – piano
Jens Fossum – bass
Hermund Nygård – trommer

English:
Petter Wettre has been among the most important saxophone players in Norwegian jazz since the early nineties. 2020 was a year of canceled concerts, postponed tours and a lot of practical and economical difficulties. Out of this misery a new concert format rose: Live stream concerts! This new medium, and easy access to great out-of-work jazz musicians allowed Wettre and Norwegian jazz guitar player Hans Mathisen to spontaneously put together a great new band for «digital gigs». At Vossa Jazz 2021 the band steps out of the screen and onto the stage!