Lastar Hendingar
Christoffer Eide

Opning Vossa Jazz-utstilling

  • Denne hending er over.
fredag 18. mars

Kl 17:00

Christoffer Eide (28) er årets festivalkunstnar. Han kjem frå Larvik og er nyutdanna ved Kunst- og Designhøgskolen i Bergen. Han har òg ei grundig filmutdanning frå Central Saint Martens i London. Christoffer jobbar hovudsakleg med grafikk (silketrykk), måleri og skulpturelle objekt. Utstillinga han har satt saman til Vossa Jazz bèr namnet Nothing Will Be Left To Chance.

Om utstillinga
Mykje er innretta for å støta vekk heimlause: Benkar som ein ikkje kan ligge på og knottar, piggar og ukomfortable skulpturelle element plassert på stader det er naturleg for ein heimlaus å søka ly, er typiske eksempel. Mange skatarar er nok kjend med defensiv arkitektur: På trappar, rekkverk og kantar som passar til brettriksing finn ein ofte små element (knottar, metallskiver o.l.) som er der spesifikt for å vanskeleggjere skating, seier Christoffer Eide.

Målsetninga mi er ikkje å fordømma denne formen for arkitektur, men heller å gjera folk litt meir merksame på den. Arkitektur og design verkar underbevisst inn på brukarane – når den er laga med tanke på å styra åtferd kan ein oppleve eit ubehag som ein ikkje klarar å setja ord på. Samstundes er eg alltid opptatt av at det eg lagar skal ha ein sjølvstendig estetisk verdi, ein treng ikkje vera kunstvitar for å ha glede av utstillinga mi!

Festivalutstillinga er ei forlenging av det spanande masterprosjektet No Rest For The Wicked.

Vossa Jazz-utstillinga er eit samarbeid med Voss Kunstlag og Vekselbanken.

English:
The Vossa Jazz poster this year is made by the young, Bergen-based artist Christoffer Eide. In addition to the poster he has made an entire exhibition for Vossa Jazz, entitled Nothing Will Be Left To Chance. The vernissage is in Kulturhuset 17.00 Friday.