Lastar Hendingar
Foto CF Wesenber_Moldejazz

Klangen av Hoem

  • Denne hending er over.
laurdag 25. september

Kl 14:00

”Ei framsyning for minnebøkene”, vart det sagt, då Ine Hoem og Erlend Skomsvoll med orkester hylla 70-årsjubilanten og forfattargiganten Edvard Hoem med eit utseld bestillingsverk for Moldejazz 2019.

”Klangen av Hoem” speglar Edvard Hoem sitt lange forfattarskap som sangtekstforfattar i samarbeid med ulike komponistar. Erlend Skomsvoll har saman med Ine Hoem plukka ut det beste av det beste frå dette omfangsrike materialet, og arrangert perlene for orkester. Skomsvoll har tatt vare på og framheva den unike klangen som susar gjennom Hoem sin produksjon, som blant anna omfattar tekstar til låtar av Henning Sommerro, Håkon Berge, Kurt Weill og Jo Skaansar.

«Jazz møter vise møter salme møter improvisasjon» – spelt av eit orkester beståande av nokre av dei mest melodiske og innovative jazzmusikarane i landet, med den framifrå strykekvartetten Oslo Strings på toppen av det heile!

Skomsvoll maktet på sitt særegne vis å videreformidle Edvard Hoems fantastiske sangskatt med datter Ine Hoem som strålende vokalist foran et fantastisk orkester. (Romsdals Budstikke)

Festkonserten i anledning Edvard Hoems 70-årsdag ble en klangfull opplevelse. Det sørget et
fantastisk ensemble for anført av Hoems datter Ine på vokal og Erlend Skomsvolls lekne og mektige arrangement. (Tidens Krav)

Erlend Skomsvoll – piano, arrangement
Ine Hoem – vokal
Mats Eilertsen – kontrabass
Håkon Mjåset Johansen – trommer
Birger Mistereggen – perkusjon, munnharpe m.m.
Martin Myhre Olsen – saksofon
Hanna Paulsberg – saksofon
Elisabeth Lid Trøen – saksofon
John Pål Inderberg – saksofon
Edvard Hoem – tekstlesing

Oslo Strings
Lise Voldsdal – fiolin
Ragnhild Lien – fiolin
Tora Wærvågen – fiolin
Kaja Fjellberg Pettersen – cello
David Solhem – lyddesign