Lastar Hendingar
Indra Rios-Moore

Indra Rios-Moore

  • Dette arrangementet er ferdig.
fredag 18. mars

Kl 23:30

Indra Rios vaks opp i eit tøft nabolag i New York. Heldigvis hadde mora ei rikhaldig platesamling med soul, jazz, klassisk og rock ho kunne drøyme seg vekk til. Då ho blei eldre tok ho ei klassisk song-utdanning. Ein dag kom den danske jazz-saksofonisten Benjamin Trærup inn i på utestaden ho jobba på i Greenwich Village, sidan då har det vore dei to, både musikalsk og ekteskapeleg.

Indra bur no i Danmark, og har saman med Trærup og resten av det danske bandet utvikla eit lydbilete som er varmt, sjelfylt, organisk og utruleg vakkert. Gjenklangen av moras platesamling høyrest framleis – låtane dei speler er henta frå vidt forskjellige delar av musikkhistoria. Anten det er Duke Ellington eller David Bowie – songane får eit sterkt personleg og ektefølt preg i Indra sine tolkningar.

Indra Rios-Moore – vokal
Benjamin Trærup – saksofon
Uffe Steen – gitar

www.indrariosmoore.com

Billettar = Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa enkeltbillett til berre denne konserten.

English
Growing up in a tough neighborhood in New York, Indra used her parent’s record collection to escape. Soon she started singing and studying classical music. In her early twenties she met the danish saxophone player Benjamin Trærup, her lifelong musical and marital partner. They have developed a warm, soulful and organic sound and a diverse repertoire together with their danish band. It don’t really matter whether it’s Duke Ellington or David Bowie they play – Indra makes every song her own, deeply personal and emotional.