Lastar Hendingar
Jon Balke

Ekstremjazz

  • Denne hending er over.
laurdag 28. mars

Kl 14:00

Vår faste Ekstremjazz-komponist, sjølvaste Jon Balke, tek med seg  den eminente folkemusikkvokalisten Åshild Vetrhus og tangent-magikar Andreas Ulvo. Dermed er det duka for ein saftig dose elektro-folk gjallande over Vangsvatnet : store lydbilete, sugande rytmar og krystallklar vokal i energisk samspel og med ein himmel full av flygande folk.

Ekstremjazz er Vossa Jazz si spektakulære gåve til publikum. Her er det berre å møta opp i varmfinstasen og nyta musikken og galskapen under open himmel. Nykkelpersonar i ekstremsportmiljøet er som før Even Rokne og Franz Midttun. Taket på kulturhuset må vera ein av dei finaste scenane på heile Voss! Foreininga av jazz og ekstremsport, to fyrtårn på Voss,  gjev tilskodarar og musikarar ei unik oppleving av både lydmessig og visuell karakter.

Jon Balke – elektronikk og perkusjon
Andreas Ulvo – elektronikk
Åshild Vetrhus – vokal

ENGLISH
The Extreme Jazz is Vossa Jazz`s gift to the audience. The free outdoor gig is only limited by the weather and not even that can in all cases hold the parachute jumpers and paragliders from gliding over Voss, one of the world`s leading capitols of extreme sports and host to the annual Extreme Sport Week.

Pianist and composer Jon Balke has put together a new trio with the eminent folkmusic vocalist Åshild Vetrhus and equally eminent Andreas Ulvo on electronics and percussion. This trio will perform Extreme Jazz 2015 – extremeley exciting!

Logofullfarge voss sparebank