Siwan er ei musikalsk eventyrreise, med ein rik, historisk bakgrunn og nokre grunnverdiar som vert spegla i komposisjonar og musisering: Samarbeid, toleranse og sameksistens.
Viss Jimi Hendrix hadde besøkt Vangen i 2019, etter eit opphald på jazzlinja i himmelen, hadde han kanskje nådd Hedvig Mollestad til knea i kveld.
Av alle kulturane Trygve Seim har lete seg inspirere av, er det Finland han reknar som «sitt andre heimland». Helsinki Songs (ECM, 2018) er den foreløpige kulminasjonen av Seim si utforsking av landet med dei mange innsjøane og djupe skogane.
Hedvig Mollestad skriv det 38. Tingingsverket til Vossa Jazz!
Me tjuvstartar opning av jolakalenderen vår og har den gleda å melde at Hedvig Mollestad Thomassen skriv det 38. Tingingsverket til Vossa Jazz! Gitarvirtuosen frå Ålesund er kjend for tunge
Årets Ekstremjazz fann stad under Ekstremsportveko for å feira at dei fyller 20 år i år. Vossa Jazz har skipa til Ekstremjazz sidan 2007 og det har vore mange store
Onsdag 28. juni skipar me til Ekstremjazz i Skjervet i samarbeid med Ekstremsportveko! Vossa Jazz sin faste Ekstremjazz-komponist, sjølvaste Jon Balke, tek med seg Jøkleba pluss den eminente folkemusikkvokalisten Åshild Vetrhus