• This event has passed.
sundag 20. mar 2016

I eit gamalt hus langt, langt borte har ein gjeng rare songar flytta inn.

Badnajazzkoret skal på besøk, vil du òg vera med? Det bur visst eit mørkredd spøkelse der som heiter Roger, ute i hagen vert det dansa samba og på kjøkkenet står ein heilsprø reggaekokk og lagar mat av flybensin og kvepsebol. Det ser ein ikkje kvar dag nei – men så er det heller ikkje noko kvardagsleg over Det Musikalske Huset!

Anders Bitustøil – musikalsk ansvarleg, bass
Eirik Askerøi – gitar
Einar Sogstad – keyboard
Øystein Bergsvik – trommer
Olav Undeland – komponist, tekstforfattar
Badnajazzkoret under leiing av Anne Siri Undeland Bauthus