Lastar Hendingar

Vozzakveld med Voss storband, Kolve, Brunborg og Dale

  • Denne hending er over.
laurdag 1. april

Kl 15:30

Voss storband – bygda sitt eige, levande storband – har vore i drift sidan 1974, nesten akkurat like lenge som oss! Dei har vore ein sentral aktør i musikklivet i bygda, og mange av bygdas beste musikarar har utvikla seg i storbandet.

I høve 50-års-feiringa vår samlar Voss storband nokre av dei finaste og viktigaste jazzmusikarane som har vore medlemmer, eller som har teke del i utviklinga til bandet gjennom åra: Ivar Kolve, Tore Brunborg, Øyvind Dale og Kåre Kolve deltek alle med sjølvskriven storbandmusikk!

Me gler oss stort til å høyra kva desse kokar i hop av jazza, mektig storbandmusikk til jubileet vårt!

Gjestar/komponistar: Ivar Kolve, Tore Brunborg, Øyvind Dale, Kåre Kolve
Dirigent: Are Ovesen
Trombone: Gunnar Bjelkevik, Berit Veka, Arnhild Vethe, Birger Lærum, Heidi Røynstrand Kolås
Trompet: Trond Remme, Styrk Oppheim, Arild Hellesøy, Lillian Dregelid Hjelmeland, Malene Pedersen Lærum
Saksofon: Halvard Bjørgo, Rune Rønhovde, Jan Tvilde, Madli Vethe Harbun, Åse Marie Jordal, Håvard Rio Matre, Erik Kildal-Johansen
Bass: Trond Matre
Trommer: Steinar Røthe
Gitar: Bjørn Sandes
Piano: Øyvind Dale
Songsolist: Solhild Hauge