Me tok fyr so det so!

Bjella er mannen som snakkar med små ord om store kjensler. Han syng om heidersmenn bygdeliv og mjølkekvoter på ein slik måte at vaksne menn blir rørt til tårer. Og når han snakkar om å vasa rundt i skoggrensa så vil me vasa med han. Bjella med band tok Vossasalen med storm.

Og for eit band! Gnistrande gode og med eit musikalsk repertoar som langt overgår dei fleste. Og då Bjella bad Marita Igelkjøn på tangentar ta fram saga «for maksimal sympati» så hadde han oss allereie. Me var langt «oppi dalum» komne for lengst der menn er menn med hjarte for mor si og gamle kattar. Takk!

Og fruktkorga? Den fekk ein heldig publikummar med seg heim.

Del gjerne!