Danske Carsten Dahl har vore på Vossa Jazz før, men dette er fyrste gong han kjem som soloartist.
På denne konserten tek Dahl med seg eit improvisert repertoar med utgangspunkt i dei kritikarroste verka som Dream Child, Papillon, The Myth and the Moth og Bach sine Goldberg Varitions – prepared piano. Og det er gjennom improvisasjon han vert opplevd som sterkast og mest intens og har vorte kjent som ein av Skandinavia mest sentrale pianistar.
Her i landet er han kanskje mest kjent for samarbeidet sitt med Arild Andersen og Jon Christensen, komboen som vitja Vossa Jazz i 2012. Dahl, som i ein alder av 19 var profesjonell trommis (!), har spela piano med eit imponerande utval artistar frå Joe Lovano til Palle Mikkelborg. Å få han på eigenhand er ei gåve.
Cartsen Dahl – piano
www.carstendahl.dk