Vossa Jazz-prisen går til HP Gundersen

HP Gundersen (Foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz)
HP Gundersen (Foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz)

– Han har ei lang karriere innan musikken og har eit engasjement for musikk som går over dei fleste. Han er sjangeroverskridane og har jobba med eit utal prosjekt, både som musikar og produsent. Årets prisvinnar rører seg i og mellom dei fleste sjangrar heilt fordomsfritt. Sjølv om han har vore med lenge, er han stadig på leit etter musikken sine naturlover. Han er ein musikkfantast av rang, og kan laga nye ting av gammalt på ein måte du ikkje har høyrt før, sa fylkesvaraordførar Roald Kvamme, og avslørte kven som fekk den 30. Vossa Jazz-prisen, nemleg HP Gundersen.

Gundersen sjølv vart bokstaveleg talt teke på senga – han hadde visstnok nett vakna frå ein kvil på hotellrommet, og ikkje pønska ut noko takketale i søvne. Det vart uansett klart at han vart inspirert og svært takksam for prisen.

Sitat frå nettsida til Hordaland:

«For å seia litt om registeret til prisvinnaren, så kan me nemna eit utval artistar og band HP Gundersen har jobba med: Helen Eriksen, Ole Paus, Real Ones, De Lillos, Sondre Lerche, Madrugada, Ane Brun, deLillos, DumDum Boys, TNT, Pogo Pops, Katzenjammer, Bugge Wesseltoft og Julian Berntzen, for å nemna nokre. Han er også mellom mange rekna for å vera far til «Bergensbylgja».»

Del gjerne!