Vilkår

DETTE FÅR DU SOM MEDARBEIDAR:

  • Medarbeidararmbånd. Dette båndet gjev adgang til alle arrangement der det er ledige plass.
  • T-skjorte. Denne skal du ha på deg når du jobbar.
  • Mat/drikke to gonger om dagen når du er på jobb under festivalen.
  • Medarbeidarfest søndag kveld. 18 års aldersgrense.
  • Medlemskap i Vossa Jazz.
  • Masse moro, passe slit og nye vener på den beste helga på Voss i 2019.

DETTE KREV ME AV DEG SOM MEDARBEIDAR:

  • Du møter opplagt, presis og edru på jobb.
  • Du behandler dine kollegaer med respekt.
  • Du er tilgjengeleg for Vossa Jazz under festivalen. Det betyr at du kan jobbe når du blir sett opp mellom fredag klokka 16.30 og siste konsertslutt sundag. Nokre jobbar krev andre arbeidstider. Om du er utilgjengeleg under delar av festivalhelga må du klarere med den næraste sjefen din at dette er ok.
  • Du skal ha det moro på jobb!