Sprelsk tingingsverk i anmarsj!

stian-carstensen_0

No kjem han til udekka bord som han sjølv freistar fylla med musikalske godbitar. Han skildrar seg sjølv som meisterkokken som skal tilretteleggja eit fleirrettars musikalsk gilde med fråtsing og kraftige innhogg i det beste frå musikkhistoria. Han er kan ein seia tilbake til kulinariske innfall frå den spede starten då han som gutunge turnerte i Nord-Dakota saman med far og bestefar med den sjølvkomponerte låten ”If I could only get a little Lefse”. Kokken uttalar sjølv:

– Dette blir spaghettiwestern-gitar anrettet på en seng av spinettbasert polyfon fugemasse akkompagnert av harpeklang. Det hele serveres uvørent på et strykebrett av truede taktarter og smakes til med sviskekomplott.

Carstensen vaks opp og bur framleis på Eidsvoll der han mellom anna er æresmedlem i Eidsvoll Jazzklubb. Etter endt utdanning ved Jazzlinja i Trondheim er han kanskje best kjend frå Farmers Market der han får fullt utløp for sine virtuose evner til å traktera trekkspel fløyte og banjo og sin hugleik for balkanmusikk. Han har også gitt ut ei rekkje soloalbum og har samarbeidd med eit utal artistar som Elias Akselsen Jimmy Rosenberg og Kaizers Orchestra for å nemna nokre.

Denne gongen tek han også i bruk klassiske verkemiddel: -Verket blir basert på klassiske europeiske tradisjoner her blir ikkje så mykje henta frå den amerikanske jazztradisjonen. I staden blir det strykarar harpe og cembalo. I botnen av dette ligg dei austeuropeiske rytmane.

Tingingsverket vert urframført i Vossasalen på Park 23. mars 2013 kl 18:00.

Medvarkande:
Stian Carstensen – gitar trekkspel fløyte banjo m.m.
Jarle Vespestad – trommer
Finn Guttormsen – bass
Torbjørn Dyrud – cembalo el-piano orgel
Sidsel Walstad – harpe
Ola Kvernberg – fiolin
Frode Larsen – fiolin
Mats Rondin – cello

Klypp frå Carstensen si gruppe Gammalgrass: http://www.youtube.com/watch?v=j6eRXxm2pkI

Del gjerne!