Magiske Gustavsen

tinging_gustavsen_003

Vossasalen var fylt til randa då Tord Gustavsen framførte tingingsverket  «Restar av lukke – Bitar av tru». Gustavsen har søkt å fordjupe og samansmelte nokre av dei sterke musikalske dialogane han har vore involvert i dei siste åra. Med seg på scenen hadde han saksofonist Tore Brunborg trommeslagar Jarle Vespestad songar Kristin Asbjørnsen bassist Mats Eilertsen og skodespelar Cecilie Jørstad.

Resultatet er ei gripande musikalsk feststund. Alt frå første tone vart publikum fengsla i ei poetisk og melankolsk verd. Gjennom vakre melodiar og vare tonar kombinert med underfundige tekstbitar frå William H. Auden og Lars Amund Vaage sin poesi tok komponisten oss med på ei magisk reise.

Del gjerne!