![](https://vossajazz.no/wp-content/uploads/2023/12/Kaja-Buskeland-600x429.jpg)
AUROM TRIO m/ Per Jørgensen
Folkesongarane i Aurom skal leika seg mellom det nye og det gamle i Vangskyrkja. Dei tre vokalistane brukar tradisjonssongar, nye songar, og sjeldan finjustert samklang til å skapa sitt tidlause musikalske uttrykk. Det er alltid eit snev av improvisasjon i musikken deira, som hentar stemninga si frå spennet mellom det stille og skjøre, og det intense og ekspressive.