Det må vere litt drama, nærast kviskra ho, då røykdykkarane frå Voss brannvesen hadde gjort seg ferdige og Mariam Wallentin endeleg kunne entre scena i Gamlekinoen denne gneistrande fredagskvelden. Med
Mariam Wallentin er ein kunstnar med stort hjarte. Musikken hennar famner både det personlege, allmenne og det spirituelle, med røter dels i improvisasjon og avantgarde, dels i pop og soul.