Kjære publikum,
Noreg har unike kår for kultur. Tenk på dette når du set deg ned med opningskonserten til Daniel Herskedal Trio, konserten med Charlotte dos Santos eller Tingingsverket til Lars Horntveth. Pris deg lukkeleg over at ungane våre får oppleva kultur der dei bur når du går hand i hand med dotter di i Badnajazzparaden. Merk deg at mangfaldet og kjønnsbalansen i festivalen ikkje hadde vore like lett å få til om ikkje Kulturrådet, hadde gjort det mogleg for folk med alle bakgrunnar å skapa kunst.
Det er ei sann glede og eit stort privilegium som festivalleiar å få servera dykk kvalitet av øvste hylle. Vossa Jazz har levert jazz sidan 1973, og det kan me halda fram med, takka vere gode støttespelarar både nasjonalt og lokalt.
Velkomen til festival, alle Vossajazzarar!
Helsing Frøydis Århus
Festivalleiar Vossa Jazz

