Vossa Jazz og Voss kunstlag presenterer årets festivalkunstnar.
Ingunn van Etten har laga årets festivalplakat der ho tek oss med inn i eit kunstnarleg univers som resonnerer djupt med jazzens sjel – det søkjande, det fabulerande og det djupt menneskelege.
Som kunstnar let ho seg inspirera av landskap, mellommenneskelege relasjonar og kunst frå ulike kulturar og epokar. Ho vert skildra som ein kommunikativ kunstnar som brukar symbol, surrealistiske og abstraherande element for å formidla stemningar og sanningar som ligg utanfor språket. Verka hennar har ofte eit naivistisk islett og ein varme som ressonnerar til folk i alle aldrar.
«Ein kunstnar som let fantasien få vengjer og hjelper sjåaren å flyga.» Mette Bleken om Ingunn van Etten
Bio: Ingunn van Etten (f. 1950) er ein allsidig biletkunstnar, illustratør og forfattar busett på Hauso i Hardanger. Ho har si kunst utdanning frå Belgia, i tillegg til utdanning som formingslærar frå Statens Lærarhøgskule. Heilt sidan ho debuterte på Statens Høstutstilling i 1978, har ho vore ei aktiv og tydeleg røyst i det norske kunstfeltet.
Gjennom ein lang karriere har van Etten stilt ut i både inn- og utland, med separatutstillingar i alt frå Oslo og Bergen til Nederland, og fleire omfattande utstillingar ved Hardanger folkemuseum. Ho har også sett spor etter seg i litteraturen med to eigne biletbøker og illustrasjonar til ei rekkje utgjevingar for både born og vaksne. I tillegg til sitt eige skapande arbeid har ho lagt ned ein stor innsats for kunstfeltet gjennom mange styreverv og engasjement.
Tilknytte hendingar
UTSTILLINGSOPNING UTSTILLINGSOPNING Ingunn van Etten – Vossa Jazz
KONSERT Nicole Johänntgen Trio (DE) – Vossa Jazz

Fotograf: Sverre Hjørnevik/Sjut